Jenter i Tech3.0

Ein skalerbar rekrutterings-modell for fleire jenter i teknologi

Over 20 partnarar frå nærings­liv, skule, forsking og offentleg sektor arbeider saman for at fleire jenter i Vestland skal velje teknologi. Her finn du kva satsinga er, kven som er med og kva vi skal få til.

Periode
28.08.2026 – 15.06.2028
Regionar
Sogn, Sunnfjord, Nordfjord, Voss og Hardanger
Prosjektleiar
Vestlands­forskingKoordinert av IT-forum Vest og Hardanger og Voss nærings­hage
Jente i Jenter i Tech-t-skjorte prøver eit par blanda røyndom-briller og strekkjer handa mot noko berre ho ser
Bilete frå tidlegare Jenter i Tech-arrangement. Foto: Vedvik Photography / IT-forum Vest

Om satsinga

Jentene i sentrum, heile laget rundt

Hovudmål

Utvikle og dokumentere ein skalerbar rekrutterings­modell (JiT-blueprint) som aukar tilgangen på kvinner med teknologikompetanse i Vestland gjennom kunnskapsbasert og målretta påverknad på jentene, «heiagjengen» og lokalt nærings­liv rundt dei.

Jenter i Tech 3.0 byggjer vidare på tidlegare Jenter i Tech-arrangement. No går vi frå enkeltarrangement til ein modell som kan brukast i heile fylket.

Jentene får prøve teknologi sjølve på trygge testarenaer. Samtidig når vi dei som påverkar utdanningsvala deira: foreldre, lærarar, rådgjevarar og lokale bedrifter.

  • 500jenter skal vere med på praktiske tech-arrangementJiT-lab
  • 30kvinnelege rolle­modellar i nettverketJiT-alliansen
  • 15nærings­aktørar i samarbeids­nettverk i tre regionarJiT-alliansen
  • 6–9rekrutterings­videoar med rolle­modellarRessursbank

Modellen

Ein tredelt modell for systemendring

Fire arbeids­pakkar ligg rundt kvarandre som ringar. Jentene er i sentrum. Rundt dei står heiagjengen og nærings­livet, og ytst ligg det som gjer modellen mogleg å skalere til heile Vestland. Vel ein ring for å lese meir.

AP1 · JiT-NAVET PROSJEKTLEIING OG FORMIDLING AP4 · RESSURSBANK OG BLUEPRINT TIL OPPSKALERING I HEILE VESTLAND AP3 · JiT-ALLIANSEN HEIAGJENGEN OG NÆRINGSLIVET AP2 · JiT-LAB JENTENE I SENTRUM

Milepælar

Kvar vi er på vegen

Ni milepælar markerer framdrifta i prosjektet, frå oppstart til lansering av JiT-blueprint.

  1. M1Digitalt oppstartsmøte
  2. M2JiT-alliansar etablerte
  3. M6Rekrutterings­verktøy ferdige: videoar av rolle­modellar og forteljingar
  4. M3Kurs­materiell for heiagjengen ferdig
  5. M4JiT-playground gjennomført: minst éin aktivitets­dag per region
  6. M7Heiagjengen aktivert og JiT-mentorordning etablert
  7. M5Samarbeid med Ungt Entreprenørskap våren 2028 fullført
  8. M9Digitalt sluttmøte
  9. M8JiT-blueprint lansert og sluttrapport levert

Partnarar

Over 20 partnarar

Jenter i Tech 3.0 er eit felles løft. Partnarane bidreg med arrangement, kompetanse, rolle­modellar og eigeninnsats i sin region.

Logoane til partnarane i Jenter i Tech 3.0

Prosjekt­leiing3

  • Vestlands­forskingProsjekteigar og prosjekt­leiar
  • IT-forum VestKoordinator Sunnfjord og Nordfjord
  • Hardanger og Voss nærings­hageKoordinator Hardanger og Voss

Sogn8

  • Sogn Næring
  • Sogndal vgs.
  • Årdal vgs.
  • Sognaregionen
  • ViteMeir
  • Sogn Opplæringskontor
  • Digdir
  • Hydro Aluminium

Sunnfjord og Nordfjord7

  • Sunnfjord Utvikling
  • Vilje Helseklyngje
  • Nytta
  • Inviro
  • SFE
  • Førde vgs.
  • Eid vgs.

Hardanger og Voss3

  • Hardangerrådet
  • Kvam herad
  • Sparebankstiftinga Hardanger

Heile Vestland3

  • Framtidsfylket
  • Ungt Entreprenørskap Vestland
  • VilVite

Støttar satsinga2

  • LinjaFinansielt
  • Tekna Sogn og FjordaneFinansielt

Kontakt

Ta kontakt med oss

Vil organisasjonen din vere med, eller lurer du på noko om satsinga? Kontakt koordinatoren i regionen din.

  • Prosjekteigar og -leiar / koordinator Sogn

    Torunn G. HønsiVestlands­forskingtho@vestforsk.no
  • Koordinator · Sunnfjord og Nordfjord

    Anne Mette HjelleIT-forum Vestannemette@ymsir.no
  • Koordinator · Hardanger og Voss

    Trude UndebakkeHardanger og Voss nærings­hagetrude@hardangervoss.no